Eit stort utval frivillige lag og organisasjonar gjer bygdene våre til attraktive stadar å bu, arbeide og besøkje. Tussa vil at lag, organisasjonar, korps og skuleklasser skal nyte godt av å bu i Tussaland, no og i framtida.
I over 70 år har vi vore ein bidragsytar til lokal verdiskaping. Det har vi tenkt å fortsette med, både på tradisjonelle måtar og med konsept som Krafttaket.
Gjennom Krafttaket ønskjer Tussa å engasjere frivillige lag og organisasjonar til å gjere ei god gjerning mot å få sponsorstøtte. Vi deler difor ut 100 000 kroner fordelt på 10 deltakarar kvart år. Sidan 2020 har vore eit utfordrande år for mange lag og organisasjonar auka vi i år summen til 250 000 kroner fordelt på 20 deltakarar. Størrelsen på støtta kjem an på kor stort engasjement kvar einskild av desse klarar å skape, og det er publikum som stemmer fram resultatet.
Krafttaket er no avslutta. Som tidlegare år har det vore stort engasjement rundt dei gode gjerningane og resultatet ser du under.
Her er resultatet