Om Krafttaket

Krafttaket starta for første gong i 2013.

Gjennom Krafttaket ønskjer Tussa å engasjere frivillige lag og organisasjonar til å gjere ei god gjerning mot å få sponsorstøtte. Vi deler difor ut 100 000 kroner fordelt på 10 deltakarar kvart år. Ved spesielle høver vert potten auka. Størrelsen på støtta kjem an på kor stort engasjement kvar einskild av desse klarar å skape, og det er publikum som stemmer fram resultatet.

Alle som deltek må halde til på søre Sunnmøre (kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, eller Volda).

Den gode gjerninga må fullførast innan kampanjeperioden er over for å få tildelt sponsorstøtte.

Du kan stemme på éi god gjerning, éin gong for dag gjennom heile kampanjeperioden. Du kan stemme på éi god gjerning, éin gong for dag gjennom heile kampanjeperioden. Avstemming går føre seg på www.krafttaket.no. Du må ha Facebook-konto for å stemme.


For Krafttaket 2020 vel Tussa ut 20 lag, foreiningar, korps og kor som er med på å kjempe om til saman 250 000 kroner. Du kan stemme mellom 12. og 23. oktober. Du finn prosjekta på framsida!

Prosjektet må dokumenterast. Send oss bilde eller video av prosjektet når det er fullført, eller på god veg til å bli fullført.