Den gode gjerninga
Vår gode gjerning består i å glede dei eldre! Vi skal ha ettermiddagskonsert for dei eldre på Haugetun og Sandetun. Med glade barnerøyster vil dei eldre få litt kvardagsglede, og kanskje minnast litt frå då dei var små. Mange små songstemmer kan verte til gode minner for dei eldre!!
Ønskjer støtte til
Vi treng nye korbenkar på Breidablik! Vi får rett og slett ikkje plass på dei små benkane som er der.
Desse deltek
Sprell levande glade born i alderen 0-12 år. Vi er stort sett frå Larsnes, men har også medlemmer frå andre bygder i Sande! Vi er ein super gjeng som syng kjekke songar og har det kjekt i lag.