Den gode gjerninga
Familiedag ved Høgebakken på Nordre Vartdal. I anledning fredsjubileet og friluftsåret ønskjer korpset å samle bygdefolket langs Vartdalsstranda til ein uhøgtidleg familiedag i friluft. Vi tenkjer å leite fram igjen fleire av dei gode gamle leikane som vart mykje brukte før. Til dømes “Siste par ut, Kari og Knut”, “Kaste på stikka”, “Slå på ringen” osv. Vidare vil vi oppfordre folk til å ta med ei dugandes nistekorg slik at ein kan samlast til matykt og ein god prat. Ei god von om at vi får frakta til seters folk frå Vartdal Helsetun har vi også. Gjengen frå Korpsfabrikken vil sjølvsagt også spele under arrangementet!
Desse deltek
Musikantane frå korpsfabrikken og bygdefolket langs Vartdalsstranda.