#YtreGTYtre Gurskøen Ten Sing

kWh
1496

Den gode gjerninga

Vi skal halde kyrkjedugnad. Kyrkjeringen på Larsnes er diverre nedlagt på grunn av høg alder på medlemmane og dei har i alle år utført ein del dugnadsarbeid. Vi vil derfor gjere ein del av dette arbeidet. Kyrkja treng ein skikkelig rundvask og ryddesjau. Vi er kanskje nokre av dei som rotar mest, og vi vil no rydde litt opp etter oss! Kyrkja vår er ein god stad å vere i og kome til, og det vil vi vere med på å bidra til at den framleis skal vere!

Ønskjer støtte til

YGTS er eit ungdomskor med eige band og treng mykje utstyr både til lyd, lys og sjølvsagt instrument. Ein del av utstyret må no må oppgraderast og vi skal bruke pengane til dette. Oppgradering av lydutstyr!

Desse deltek

Ungdomar i alderen 13 - 19 år frå heile Sande kommune - Gjerdsvika, Gursken, Larsnes, Kvamsøy og Sandsøy!

Tips & Tools

Her kan du laste ned plakatar som viser prosjektet, i A3 og A4. Desse kan du henge opp i nærmiljøet for å skaffe støtte! I tillegg kan du laste ned Krafttak-logoen, og bruke denne anten som profilbilete, eller på profilbilete ditt!


#YtreGT