Den gode gjerninga
Vi skal lage ein bygdakveld der vi vil vise folk i byda kva vi i ungdomslaget held på med. Det vert servering av kaffi, kaker vafler og anna godt. Vi vil òg vise klipp frå skodespela som vi har framført siste åra. Alt dette for å få ein sosial kveld i bygda. Butikken i Bjørkedalen vart nedlagd for om lag 10 år sidan, og med den forsvant ein naturleg samlingsplass. Det er difor viktig for alle å ha sosiale tilstellingar. Dette knyter band på tvers av generasjonane.
Desse deltek
Medlemmane i Ungdomslaget.