#musikkworkshopBergsøy skulekorps

kWh
930

Den gode gjerninga

Musikk-workshop for borna i dei 5 barnehagane på Bergsøya. Borna får sjå og høyre dei ulike gruppene i korpset opptre. Dei vil også under rettleiing frå medlemmane i korpset få prøve å lage musikk med ulike instrument og bevege seg til musikken.

Ønskjer støtte til

Korpset ønskjer å bruke delar av premien til nye instrument, og delar av premien til eit prosjekt korpset har med ein gratis musikktime for 1. klasse i SFO på Bergsøy skule, Blåhaugen.

Desse deltek

14 born og 6 vaksne i hovudkorpset, 16 born i juniorkorpset, 8 korpsaspirantar, 8 born i hovuddrillen og 6 drillaspirantar.

Tips & Tools

Her kan du laste ned plakatar som viser prosjektet, i A3 og A4. Desse kan du henge opp i nærmiljøet for å skaffe støtte! I tillegg kan du laste ned Krafttak-logoen, og bruke denne anten som profilbilete, eller på profilbilete ditt!


#musikkworkshop