Retninglinjer for Krafttaket

Du kan stemme på éi god gjerning, éin gong for dag gjennom heile kampanjeperioden. Den gode gjerninga må utførast i kampanjeperioden.

For å halde på konseptet rundt kraft, har vi bestemt at ei stemme vert talt som ein symbolsk kWh. Fordelinga av dei 100 000 kronene vert gjort ut i frå talet på stemmer kvart bidrag har fått, av det totale talet på stemmer som kjem inn under kampanjeperioden.

Alle dei 10 bidraga som vert plukka ut til å delta får minimum 1 000 kroner dersom den gode gjerninga vert utført i kampanjeperioden. Resten av potten på 90 000 kroner blir fordelt i høve til talet på stemmer kvart bidrag får.

Alle som er med i kampanjen aksepterer kampanjereglane, samt dei avgjerslene Tussa tek i samanheng med materiale innsendt via emneknaggar knytt til kampanjen. Informasjon og materialet vil berre verte nytta i samband med Krafttaket.

Tussa føreheld seg retten til å promotere innsendt materiale undervegs i kampanjen.

Lovstridig, upassande eller krenkande materiale vil verte forkasta frå kampanjen. Husk å bruke godt nettvett når de filmar, tek bileter eller deler andre ting på digitale og sosiale media. Før du legg ut informasjon, bør du vurdere nøye det du ønskjer å legge ut. Har du tenkt på om det du publiserer inneheld opplysningar om andre, eller ein film eller eit bilete der andre enn deg er med? Dersom det er det, kan det vere ein god idè å kontakte desse før du legg ut informasjon på Internett. Les om godt nettvett her: www.nettvett.no

Denne kampanjen er ikkje sponsa, støtta eller administrert, eller assosiert med, Facebook. Du gir informasjon til Tussa og ikkje til Facebook. Informasjonen som kjem inn, vil berre verte nytta under denne kampanjen.












#Krafttaket2017